Det braut ut spontanapplaus då vedtaket i Lindås kommune vart gjort.

Det braut ut spontanapplaus då vedtaket i Lindås kommune vart gjort.

Ja, no byggjer vi ein ny kommune!

Onsdag 22. juni gjorde kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy det historiske vedtaket som seier at tre skal bli til ein i 2020.

Onsdag 22. juni kl 12.00 starta det som vart tre historiske kommunestyremøte i kommunane Lindås, Meland og Radøy. Fleirtalet i alle dei tre kommunane sa ja til å byggje ein ny kommune, og stiller seg bak søknaden til kommunal- og moderniseringsdepartementet om kommunesamanslåing.

Slik stemte dei:

  • Vedtaket i Lindås (samrøystes)
    Vedtatt med stemmene til Krf (9), Ap (6), Frp (5), H (4), Sp (4), SV (1), MDG (1), V (1)
  • Vedtaket i Meland
    Vedtatt med stemmene til Ap (6), H (5), Frp (3), KrF (3), V (2) – mot stemmene til Ap (1), Frp (1), Sp (3), MDG (2), BL (1)
  • Vedtaket i Radøy
    Vedtatt med stemmene til Ap (5), V (2), Krf (2), Frp (2), Sp (4) og H (5) – 5 representantar frå Sp stemte mot.

– Dette er eit historisk vedtak, seier ordførarane i Lindås, Meland og Radøy.

Hausten 2017 kjem Fylkesmannen i Hordaland med sin vurdering av kommunestruktur i fylket. Våren 2017 skal regjeringa leggje fram sitt forslag. Går alt etter planen, vil Lindås, Meland og Radøy vere ein kommune 1. januar 2020.

– Vi starta denne prosessen heilt frivillig, før regjeringa sette i gong arbeidet med kommunereforma. Arbeidet vi har gjort sidan 2010 har ført fram til vedtaket dei tre kommunestyra har samla seg kring i dag. Dette er eit framtidsretta vedtak! Visjonen vår er å byggje ein ny kommune, som skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggje fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Web levert av CustomPublish