Ja, det blir ny aksjon mot brunsnigelen!

Vi jobbar med ei oppfølging av kampen mot brunsnigelen. Følg med for meir informasjon om når og kvar vi delar ut middelet som skal ta knekken på dei sleipe rakkarane.

Trykk her for å lese om aksjonen i fjor.

Vi inviterte til storstilt dugnad for å redusere talet på brunsniglar i Lindås kommune august 2015. Dugnaden vart ein kjempesuksess, og mange har vore i kontakt med kommunen for å høyre om vi vil følgje opp i år.

Svaret er "Ja, det gjer vi!". Vi har vore i kontakt med leverandøren av Nemaslug, og kjem til å organisere ein ny dugnad. Utdelinga vil skje i slutten av april, men datoen er ikkje heilt spikra enno.

Følg med på heimesida og facebook for meir informasjon om årets aksjon.

Vi håpar sjølvsagt at like mange ønskjer å delta i år!

Web levert av CustomPublish