Invitasjon til synfaring og presentasjon av planframlegg for områdeplan Ostereide sentrum med planID 1263-201214

Planframlegget for områdeplan for Ostereide sentrum er på 1.gongs høyring og offentleg ettersyn i perioden 23.september -9.november 2016.

I samband med høyringa vil me invitera til synfaring i planområdet tysdag den 1.november.

Etter synfaringa, same dag, inviterer me til informasjonsmøte på ungdomskulen på Ostereide.  Det vert høve til å stille spørsmål og å komme med innspel til planframlegget både på synfaringa og på informasjonsmøtet.

 

Program for dagen tysdag 1. november 2016:

Synfaring med oppmøte på Ostereide senter:

Kl. 14:00-16:00

Informasjonsmøte i musikkrommet på ungdomskulen:

• Kl. 16:30-17:00 - Presentasjon av planframlegget m/ Ola Klyve Dalland (planleggjar ABO as)

 

• Kl. 17:00-18:00 – Spørsmål og diskusjon (og samtaler med den enkelte som ønskjer det)

 

Vel møtt!

 

 

Web levert av CustomPublish