Invitasjon til ope møte om plastforsøpling

Korleis kan vi delta i dugnaden for å rydde opp i den aukande plastforureniniga?

Lindås kommune inviterer til ope møte, der målet er å diskutere korleis alle kan bidra til arbeidet for marin renovasjon i regionen.

– Den siste tida har vi sett eit stort engasjement kring det å samle inn plast. Dette engasjementet må vi ta vare på, seier ordføraren i Lindås.

Ho håpar at møtet gir kommunane meir kunnskap om problemet, og visar både kommunane og innbyggjarane korleis dei kan bidra i arbeidet for marin renovasjon i regionen.

Kven?

  • Møtet er ope for alle. Vi håpar flest mogleg kjem for å belyse saka og diskutere tiltak – også innbyggjarar og aktørar frå nabokommunane våre, Meland og Radøy.
  • Ordførarane frå Meland og Radøy har takka ja til invitasjonen om å delta på møtet.
  • Representantar frå renovasjonsselskapet vårt NGIR og Bergen og omland friluftsråd kjem også.

Når?
Måndag 3. april klokka 18.00 til 20.00

Kvar?
Nordhordlandshallen i Knarvik

Påmelding?
Møtet er ope for alle. Du treng ikkje å melde deg på.

Web levert av CustomPublish