Prosedyre for interne arbeidsmøte i skule og barnehage - for barn i alderen 0-16 år

Mandat
Interne arbeidsmøte i ei teneste, eks. skule eller barnehage, der ein drøfter ekstra felles innsats for eit barn/ungdom eller avklårer ansvar. Arbeidsmøta skal sikre informasjonsflyt og langsiktig koordinert arbeid internt i skulen eller barnehagen, kring barn med særskilte behov og samansette behov, men der det ikkje er med eksterne samarbeidspartar. Ungdom og/eller føresette er til stades saman med faginstansane eller er orientert om at møtet finn stad.

Utføring

  • Interne arbeidsmøte vert halde ut frå barnet og foreldra/føresette sine behov.
  • I tillegg til interne arbeidsmøter kan det gjennomførast samarbeidsmøte med eller utan ungdom/foreldre. Dette kan vere møte der skulen får rettleiing frå PPT eller der ei sak blir drøfta i skulen sitt ressursteam.
  • Prosedyren gjeld brukar/ foreldre/ faginstansar som har ansvar for barn der det er behov for interne arbeidsmøte.
  • Det blir oppretta Stafettlogg.

Rutineskildring

  • Den person som først vert kjend med behovet, melder dette til sin næraste overordna og i samråd med overordna tek initiativ til samarbeid med foreldre/føresette og kallar inn til første interne arbeidsmøte.
  • Om barnet går i barnehage vil styrar vere ansvarleg for at ein pedagog tek oppgåva som stafetthaldar* og dermed har ansvar for innkalling, møteleiing og referat. For skulebarn vil det vere rektor som peikar ut stafetthaldar*.
  • Fagpersonane har eit forpliktande ansvar til å delta i arbeidsmøta og følgje opp vedtekne arbeidsoppgåver. Det skal lagast møteplan etter behov.
  • Den einskilde avdelingsleiarar har ansvar for å gjere prosedyren kjend i si avdeling. I tenester som ikkje har avdelingsleiar er det einingsleiar som har ansvar for dette. 
  • Prosedyren gjeld alle som har eit fagleg og administrativt ansvar for barn med særskilde behov der det er behov for interne arbeidsmøte.

 *) Stafetthaldaren er den personen som har ansvar for å knyte innsatsen til ein heilskapleg og koordinert oppfølging av barnet, ungdomen og/eller familien. Stafetthaldar sitt ansvar og oppgåver er å koordinere innsatsen, kalle inn til tverrfaglege møte, foreslå dagsorden, kalle inn til ad hoc-møte ved behov, leie møta, introdusere nye partar, gi melding til dei som ikkje skal møte eller følgje opp, avslutta arbeidet, involvere brukarar, vere kontaktperson og loggførar.

 

Utgåvedato
August 2016

Utarbeidd av
Prosjektgruppa BTI

Godkjend av
Rådmannen

Ansvarleg for vedlikehald
Samordningsgruppa BTI