Installere eller reparere eldstad?

Du treng ikkje søkje dersom:

  • du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søke, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

  1. Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet på brannvern.no
  2. Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  4. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Søknaden må innehalde:

  • erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • opplysningar om tal røykløp
  • opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lese meir om nabovarsling (lenke kjem)
  • situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein

Kva seier lova?

Kva kostar det?

Behandling av søknaden kostar 3.500 kroner. Gebyr for eventuelle ansvarsrettar kjem i tillegg.

Gebyret er det same for avslått sak.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak (lenke kjem)

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese om byggjesaksvakta til kundesenteret vårt.

Web levert av CustomPublish