Inspirasjonsforedrag om Universell utforming og arkitektur

Lindås kommune har gleda av å invitere til eit foredrag med arkitekt og professor Camilla Ryhl frå Statens byggforskningsinstitutt i København. Møtet er torsdag 18. juni.

Tidspunkt: Torsdag 18. juni kl. 11.00 – 13.00

Stad: «Knarren» på Knarvik vidaregåande skule

Dette blir eit foredrag med fokus på omgrepet universell utforming (UU) og arkitektur. Lindås kommune ønskjer å vere førebudd på dei utfordringane og mogelegheitene som ligg i transformasjon og fysisk utforming av omgjevnadene våre med tanke på UU.

Me inviterer alle med interesse for temaet universell utforming og arkitektur.

Web levert av CustomPublish