Ingen støtte til breiband

Lindås kommune nådde ikkje opp, då midlane til breibandutbygging i Nordhordland var delt ut sist veke.

– Vi satsa med ein betydeleg sum til eigenandel, og håpte at vi ville nå opp, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Ho er skuffa på vegne av innbyggjarane i kommunen, og lovar at siste ord ikkje er sagt i denne saka.

– Vi jobbar sjølvsagt vidare for å sikre at alle som bur i kommunen vår får like moglegheiter på dette området, seier ordføraren.

Det er Nkom (tidlegare post- og teletilsynet) som delar ut støtte til utviding av breibandnettet. Utdelinga skjer etter innstilling frå fylkeskommunen, som vurderer søknadane utifrå eit sett med kriterier.

Marginane mellom kommunane i regionen vår var små. Lindås kom på 3. plass, og var den første på lista over kommunar i Nordhordland som ikkje fekk støtte. Austrheim/Radøy og Masfjorden vart rangert høgast, og kan gå i gong med sine prosjekt.

– Eg er sjølvsagt glad for dei midlane regionen har fått, og ønskjer å gratulere nabokommunane med støtta. Betre breibanddekning er viktig for innbyggjarar og næringsliv i heile regionen, seier ordføraren.

Når det gjeld dekning, har Lindås kommune to viktige saker på agendaen framover:

– Vi held fram med å jobbe for å utvide breibanddekninga vår, men set også trykk på saka om betre mobildekning. Stadig fleire tenester av dei tenestene vi tilbyr og utviklar, er avhengig av god dekning. Omsorgsteknologi er eit eksempel på dette, seier ordførar Aarhus Byrknes.

Web levert av CustomPublish