Inga streik i kommunesektoren

Partane i kommuneoppgjere har samla seg om ein avtale. 

Saka er oppdatert: Partane i kommuneoppgjere vart einige natt til måndag 26. mai. Det vert med andre ord inga streik i kommunane!

 

Vi går mot innspurten i meklinga i lønsoppgjeret for kommunalsektor. Meklingsfristen er sett til 25. mai kl. 24.00 med varsel om streik frå kl. 07.00 dersom ein ikkje framleis meklar på overtid.

Det er i år ikkje tatt ut arbeidstakarar i streik frå mogleg oppstart av streik. Avtaleverket seier at kommunen skal ha lister over tilsette som er tatt ut i streik 4 dagar før streiken kan bli effektiv.  

Kommunen vil varsle på heimesida om mogleg opptrapping som råkar Lindås så snart slik informasjon ligg føre.

Web levert av CustomPublish