Inga byggesaksvakt i fellesferien

Byggesaksvakta, byggesaksavdelinga og planavdelinga stenger i fellesferien - frå 14. juli til 1. august.

Det er ikkje mogleg å kome i kontakt med sakshandsamarar på desse avdelingane i denne perioden. Byggesaksavdelinga, byggesaksvakta og planavdelinga stenger kontoret både for telefonar og besøk frå publikum.

All post som kjem inn til kommunen vert mottatt og registrert på vanleg måte.

Fristane for sakshandsaming gjeld, sjølv om kommunen stenger kontoret for telefonar og besøk frå publikum. Sender du ein søknad til kommunen i denne perioden, vert han med andre ord registrert og du kan vente tilbakemelding innan dei vanlege fristane.

Web levert av CustomPublish