Informasjonsmøte om E39-plan

Statens vegvesen inviterer til opne møte og kontordagar i samband med planarbeidet for kommunedelplan for E39 frå Flatøy til Eikefettunnelen.

Statens vegvesen har varsla oppstart av planarbeid for Kommunedelplan E39 Flatøy– Eikefettunnelen og planprogram ligg ute til høyring med frist for uttale 20. desember 2016.

Det vert i dette høve arrangert informasjonsmøter og opne kontordagar.

Tid og stad for informasjonsmøta

Alle møta varar frå klokka 1900–2100.

  • 22. november, Rådhuset Frekhaug
  • 28. november, Kantina Nordhordlandshallen
  • 29. november, Gymsalen Eikanger skule

Tid og stad for opent kontor

Du finn oss på Hagellia Matstove, Hagellia 6, 5914 Isdalstø (under Hagelsund bru):

  • 1. desember klokka 1100–1600
  • 7. desember klokka 1600–2000 

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish