Informasjons- og dialogmøte med transportnæringa

Statens vegvesen starter snart oppgradering av sikkerheitsutstyret i Bjørsviktunnelen og Mundalsbergtunnelen på E39 i Hordaland. Tunnelane skal oppgraderast for å tilfredsstille dagens krav til tryggleik. Planlagt oppstart er i mars 2016. Arbeidet tar cirka eitt år.
Invitasjon frå Statens vegvesen:
 
Det skal utførast elektroarbeid i tunnelane, med kolonnekøyring. Det kan bli stengingar på inntil ein time på natt, mellom klokka 22:00 og 05:30. Sidan det er langt mellom tunnelane kan ikkje kolonnane samkøyrast.
 
Vi veit at mange viktige aktørar køyrer her heile døgnet. Vi ønskjer difor å informere og kome i dialog med dykk om arbeidet som skal skje.
Send gjerne denne invitasjonen vidare til andre næringsaktørar som treng å vite om møtet.
 
Tid: 20.januar 2016 klokka 16:00
Stad: Alver Hotel i Lindås
 
Agenda:
  • Velkommen. Kort om bakgrunn for oppgraderinga.
  • Litt om arbeidet som skal gjerast og kor lang tid det tar.
  • Trafikkavvikling: Kva vi tar omsyn til, arbeid fleire stader samtidig, omkøyring og kolonnekøyring.
  • Informasjonsopplegg
  • Innspel frå salen
 
Kontaktperson for tunnelarbeidet er assisterande prosjektleiar Sverre Måge, Statens vegvesen, tlf.: 95943770
 
Om påmelding og praktisk informasjon:
 
Enkel servering på møtet. Gi beskjed om eventuelle allergiar.
Påmeldingsfrist: Fredag 15.januar
Web levert av CustomPublish