Influensavaksinen 2015!

Nokre grupper vert særleg oppmoda til å vaksinere seg. Er du i ei av desse? Sjå når legekontoret ditt er klar til å ta imot deg.

Det er haust og tid for eit kjølegare klima. Med kulden kjem forkjøling, influensa og mage- og tarmsjukdomane.

Førebyggande regel nummer ein i denne tida (og elles!) er god handhygiene. Denne regelen gjeld alle! For nokre, kan det i tillegg vere lurt å vaksinere seg mot influensa. Er du i gruppa med ekstra utsette – ta kontakt med fastlegen din.

Fastlegekontora i Lindås kommune har følgjande plan for influensavaksinering:

  • Knarvik legekontor: Torsdag 15.10 og torsdag 22.10  frå kl 16.30 – 19.00
  • Lindås legekontor: Vaksinerer alle dager. Ta kontakt med kontoret.
  • Knarvik allmennpraksis: Alle dagar , unnateke måndagar, mellom kl 09.00 – 14.30
  • Ostereidet legekontor: Torsdag 29.10 og torsdag 05.11 frå  kl. 16.30 til 18.00.
  • Helsetunet legekontor: 11.11 og 12.11 kl. 09.00 – 11.30 og kl. 13.10-1500.

Folkehelseinstituttet rår alle personar som, ved influensasmitte, risikerer alvorleg sjukdom eller død til å ta vaksinen. Den positive helseeffekten ved vaksinasjon gjeld særleg personar frå 65 år og oppover og for gravide etter 12. svangerskapsveke. I tillegg bør personar med definerte sjukdomstilstandar, uansett alder, vurdere å ta vaksinen.

Følgjande grupper bør ta vaksinen:

  • Gravide frå 12. svangerskapsveke
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes 1 og 2
    • Kronisk luftvegssjukdom
    • Kronisk hjarte- og karsjukdom
    • Kronisk leversvikt
    • Kronisk nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett infeksjonsforsvar
    • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom

Av førebyggande omsyn, vert i tillegg desse gruppene rådd til å vaksinere seg:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett infeksjonsforsvar
  • Svinerøktarar og andre med regelmessig kontakt med levande grisar. Hovedhensikten med vaksinasjon av svinerøktere er å beskytte grisene mot influensasmitte, og dermed hindre utvikling av virus med nye egenskaper i svinebesetningene.
Web levert av CustomPublish