Individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ønskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa akkurat deg.

Kva får du?

Individuell plan er eit dokument som hjelper deg til å setje personlege mål for korleis du kan få det betre. Planen skal seie noko om korleis du skal oppnå desse måla, som du sjølv er med på å utforme. Planen skal gi oversikt over kva behov du har for offentlege tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.  For barn og unge er det føresette som er med og bestemmer innhaldet i planen.

Du får oppnemnd ein koordinator som skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning av  tenestetilbod og framdrift i arbeidet med planen. Sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan kan du be om å få oppnemnd ein koordinator.

Kommunen har hovudansvaret for å lage individuell plan dersom du har tenester både frå kommunen og spesialisthelsetenesta.

Slik søkjer du om individuell plan

  1. Trykk her for å laste ned søknadskjema for individuell plan og koordinator.
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til Lindås kommune, Forvaltningskontoret, Kvernhusmyrane 41. 5914 Isdalstø.

Kva skjer vidare med søknaden din ?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for  individuell plan eller koordinator vil forvaltningskontoret  ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator. 

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Lindås kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan. Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din. Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord. 

Web levert av CustomPublish