Ikkje lov å gjere opp eld!

Finveret har tørka opp fleire område i regionen vår. Brannsjefane i Lindås, Meland og Austrheim innfører difor totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Forbodet gjeld frå og med onsdag 11. mai til brannsjefane kjem med ny melding.

Det fine veret dei siste dagane har ført til fleire svært tørre område i regionen vår. Austrheim, Meland og Lindås kommunar innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med onsdag 11 mai 2016.

Uforsiktig omgang med eld, mellom anna bålbrenning og grilling, er den vanlegaste årsaken til skogbrann. Brannsjefane oppmodar difor folk flest til å vere forsiktige.

Alle innbyggjarar har ein generell plikt til å vere forsiktige for å unngå brann. Uavhengig av sesong, er det difor viktig at folk passar ekstra på når dei gjer opp eld utandørs. Det er også viktig at folk respekterer totalforbod.

Totalforbodet gjeld til brannsjefane i dei tre kommunane sender ut melding om oppheving av forbodet.

Mvh,
Rolf Henning Myrmel, brannsjef i Austrheim
Karl J. Romarheim, brannsjef i Lindås og Meland

Web levert av CustomPublish