Idrettshallane våre

Lindås kommune eig og driv tre idrettshallar:

  • Nordhordlandshallen, opna i 2002
  • Lindåshallen, opna i 2012
  • Storstova på Leiknes, opna i 2017

Hallane er fleirbrukshallar for idrett og kultur. På dagtid er hovudbruken kroppsøving for skulane. Hallane er også tilgjengelege for utleige til kommersielle aktørar. 

Det er eigedomsavdelinga i kommunen som står for dagleg drift, utleige og vedlikehald av hallane. Vi har hallvertordningar på kveldstid delar av året i samarbeid med Nordhordland Ballklubb og Lindås Idrettslag.

Kva får du?

Hallane er i hovudsak i bruk til organisert idrett og enkelte kulturarrangement. Lindås kommune har open hall i samarbeid med idrettslaga, med hovudvekt på skuleferiar. Barn under skulealder skal vera i følgje med føresett på open hall.

Du kan leige ledig tid i hallane anten som privatperson, gruppe eller lag/foreining.

Trykk her for å gå til oversikt over frilufts- og idrettslag i Lindås kommune (PDF).

Ønskjer du kortfatta informasjon om kva tilbod som er etablert på dei ulike anlegga, kan du også ta kontakt med fagleiar for idrett og grønt, Atle Vaage.

Kva inneheld Nordhordlandshallen?

  • Fotballhall kunstgras 64X40 meter
  • Sprintfelt 60 meter fast dekke og hoppegrop
  • Fleirbrukshall speleflate 40X20 meter
  • Trimsal 150 kvadrat
  • Sosialt rom/kantine og kjøkken som kan brukast knytt til hallen eller som eige lokale. Tilrettelagt med prosjektor mm

Kva inneheld Lindåshallen?

  • Fleirbrukshall, speleflate 40X20 meter+ein fjerdedel forlenging som kan delast frå med skillevegg
  • Trimsal 150 kvadrat
  • Styrkerom, berre tilgjengeleg i samband med organisert aktivitet gjennom Lindås IL
  • Sjølvbetent bibliotek så lenge hallen er open.
  • Sosialt rom/møterom 80 kvadrat, tilrettelagt med prosjektor mm
  • Lite møterom for inntil 10 personar

Kva inneheld Storstova på Leiknes?

  • Parketthall 24x16 meter
  • Fast scene med forrom
  • Sosialrom med kjøkken og auditorium
  • Det er mogleg å bruke skulekjøkkenet til større arrangement

Trykk her for å laste ned gjeldande timeplan for Storstova på Leiknes.

Kva kostar det?

Trykk her for å lese meir om prisar og regelverk.

Slik søkjer du

Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer.

 

Web levert av CustomPublish