Alle dei åtte ordførarane i Nordhordland signerte ein felles intensjonsavtale om kommunesamanslåing 1. mars 2016.

Alle dei åtte ordførarane i Nordhordland signerte ein felles intensjonsavtale om kommunesamanslåing 1. mars 2016.

Honnør frå kommunalministeren

Kommunane har vore eit eksempel til inspirasjon for andre, poengterer kommunalminister Jan Tore Sanner i ei helsing til alle dei åtte Nordhordlandskommunane. I dag signerte alle kommunane i regionen ein intensjonsavtale om samanslåing.

Forhandlingsutvalet til Lindås kommune har deltatt i to løp, som begge har ført til signering av intensjonsavtalar om kommunesamanslåing:

  1. Lindås, Meland og Radøy signerte ein intensjonsavtale 28. januar 2016
  2. Alle kommunane i Nordhordland signerte ein intensjonsavtale 1. mars 2016

Kommunane i Nordhordland fekk honnør frå kommunalminister Jan Tore Sanner, då ordførarane signerte intensjonsavtalen for ny storkommune i regionen 1. mars 2016. I helsinga si til dei åtte kommunane, skriv Sanner at avtalen er imponerande. Han meiner at prosessen til kommunane i Nordhordland har vore eit eksempel til inspirasjon for andre. Han poengterer at forhandlingane har vore opne, hatt ein god tone og har involvert arbeidstakarorganisasjonane.

Vi har samla informasjon om kommunereforma på ei temaside her på heimesida til Lindås kommune. Her kan du følgje prosessane, laste ned protokollar frå forhandlingsmøte, intensjonsavtalar og regionale rapportar.

Trykk her for å gå til temasida om kommunereform.

Saknar du informasjon på denne sida? Ta kontakt med webredaktør Silje Andvik Hoaas:

Web levert av CustomPublish