bredbåndstilknyttet pc

bredbåndstilknyttet pc

Høyring på utbygging av breiband

Kva område bør kommunen prioritere, når vi på ny skal søkje støtte til å finansiere breibandutbygging i Lindås? Send innspelet ditt til kommunen innan 8. mai.

 

Lindås kommune skal som i 2014 og 2015 søkje om midlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (tidl. Post- og teletilsynet) til vidare utbygging av breibandsnettet i kommunen. Basert på kartleggjingar av eksisterande dekning og tidlegare innspel frå ulike lag og innbyggjarar er følgjande område aktuelle som prioriterte:
  • Strekninga Gjervik – Ostereidet
  • Strekninga Ostereidet - Nesbø
  • Strekninga Myking – Eikangervåg
  • Lauvås – Risa
  • Seim – Seimsfjorden
  • Lindås sør
  • Skodvin
  • Skauge
  • Hope

I tillegg er det aktuelt å prioritert å betre mobildekning i nokre av desse områda, og for sjøverts ferdsel kring Padøy og delar av vegen mellom Lindås og Mongstad.

Høyringsuttalane frå tilsvarande høyring 2014 og 2015 og andre innspel vi har mottatt vil bli tatt med også i denne søknadsrunden, men vi tek gjerne imot nye innspel frå innbyggjarar og verksemder.

Dersom bygelag eller andre lag eller foreiningar ynskjer å gje innspel, så er det av interesse å kjenne til om det er mange konkrete interessenter i området, om det er vilje til eigeninnsats, auka eigenbetaling eller anna som kan bidra til redusert utbyggingskostnad.

Uttale til mogleg breibandsutbygging 2016 kan helst sendast via elektronisk skjema, men du kan og epost til postmottak@lindas.kommune.no eller brev til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk brev/epost med 14/330. Frist for innspel er 8. mai.

Søknad om tilskot vil truleg få sitt svar frå Nkom i september 2016. Omfanget av ei eventuell utbygging vil måtte bli justert etter storleik på tilskottet. Prosessen vidare vil bli utforming og utlysing av anbodskonkurranse, og eventuell oppstart av utbygging vil kunne forventast å skje 1. halvår 2017.

Web levert av CustomPublish