Høyring på ny alkoholpolitisk plan

Har du innspel til den nye planen? Få fram synspunkta dine før 14. april 2016.

Formannskapet i Lindås kommune gjorde i møte 17.mars 2016 følgjande vedtak:

«Alkoholpolitisk plan for Lindås kommune 2016-2020 blir lagt ut til høyring.»

Framlegget til alkoholpolitisk plan 2016 – 2020 ligg til offentleg ettersyn i tida 19. mars 2016 til og med 14. april 2016 på rådhuset i Knarvik og her på heimesida.

Har du innspel eller merknader til planen? Send ein e-post til postmottak@lindas.kommune.no, lever høyringsinnspelet ditt på rådhuset eller send det til:

Lindås kommune
Postmottak
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Høyringsfristen er 14. april 2016.

 

Merk konvolutten eller e-posten din med:

 

14/7845 Høyring – Alkoholpolitisk plan for Lindås kommune 2016-2020.

Web levert av CustomPublish