Høyring på leksehjelp i grunnskulen

Levekårsutvalet har gjort vedtak om leksehjelp frå 5.-7. trinn. Kva meiner du om dette? Vedtaket ligg på høyring til 12. desember.

Levekårsutvalet i Lindås kommune gjorde 28.10.2014 vedtak om å senda organisering av leksehjelp i grunnskulen i Lindås kommune ut på høyring.

Organisering av leksehjelp i grunnskulen i Lindås kommune ligg til offentleg ettersyn til og med 17.12.2014 på rådhuset i Knarvik og på kommunen si heimeside.

Trykk her for å laste ned saksutgreiing og vedtak i levekårsutvalet.

Levekårsutvalet gjorde følgjande vedtak: " Lindås kommune tilbyr leksehjelp primært til elevar på 5.-7. trinn. I særlege tilhøve kan rektor gjera tilpasningar. Det skal i hovudsak vere pedagogar som er ansvarlege for leksehjelpa. Rektor organiserer tilbodet i samsvar med krava i Opplæringslova med forskrift. Auke i kostnader til leksehjelp blir finansiert innafor ramma til grunnskulen."

Merknader må sendast Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller postmottak@lindas.kommune.no innan 17.12.2014.

Web levert av CustomPublish