Høyring på kommunedelplan for skule

Les meir for å bla i «Kommunedelplan for skule 2014 – 2018», og sjå korleis du kan kome med dine innspel!

Levekårsutvalet i Lindås kommune gjorde 03.03.2015 vedtak om å senda  «Kommunedelplan for skule 2014 – 2018» ut på høyring.  Høyringa vert gjennomført i samsvar med plan- og bygningslova § 5-2 og 11-14.

Kommunedelplan for skule 2014 – 2018 ligg til offentleg ettersyn i tida 05.03.2015 – 18.04.2015 på rådhuset i Knarvik og på kommunen si heimeside www.lindas.kommune.no.

Last ned:

Merknader må sendast til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Lindås eller postmottak@lindas.kommune.no  innan 18.april 2015.

Bruk gjerne elektronisk skjema for høyringsuttale, når du sender inn merknaden din. Dette skjemaet finn du på skjemasida vår - trykk her.

Web levert av CustomPublish