Høyring og offentleg ettersyn av planprogram for rullering av kommunedelplan for trafikksikring 2010-2022

Har du innspel til planprogrammet for trafikksikringsplanen? Få fram synspunkta dine før 16. april 2016.

Formannskapet i Lindås kommune gjorde 18.02.2016 fylgjande vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova §11-13 blir planprogram for kommunedelplan for trafikksikring lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Framlegget til planprogram for rullering av kommunedelplan for trafikksikring 2010-2022 ligg til offentleg ettersyn i tida 05.03.2016 – 16.04.2016 på rådhuset i Knarvik og på Lindås kommune sine heimesider, www.lindas.kommune.no.

Kunngjeringa vert lyst ut i Nordhordland avis 05.03.2016.

Last ned og les plandokumentet her:

Eventuelle merknader til planprogrammet vert å sende til Lindås kommune, Postmottak, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller elektronisk til postmottak@lindas.kommune.no.

Frist for innsending er 16.04.2016.

Merk konvolutten eller e-posten din med:

16/712 – Høyring - framlegg til planprogram - trafikksikring.

Web levert av CustomPublish