Høyring for reguleringsplan Sjurneset
I samband med at Fylkesmannen i Hordaland hadde motsegn til planframlegget som vart sendt ut til 1. gangs høyring i november 2017, har det vorte utarbeidd nytt framlegg til reguleringsplan der Fylkesmannen sine merknader er vurdert og jobba inn i planframlegget. Vidare er det tatt ein førebels gjennomgang av merknader med framlegg til endringar i planframlegget og nokre kommentarar knytt til desse kjem fram seinare i kunngjeringa.
Endringane som er utført er i hovudsak knytt til plassering av rorbuer, parkering og tilkomst til kaiområdet, utfylling i sjø for bygging av utvida kaifront og to nye bustadtomter. I tillegg er det gjort justeringar og tilpassingar i føresegnene. Endringane er som følgjer:
- Ny plassering av rorbuer der rorbuene no er trekt tilbake og det er sett krav om at desse skal etablerast over kainivå for å få eit tydeleg skilje mellom privat uteareal for rorbuene og kaiområdet som skal vere tilgjengeleg for ålmenta. Rorbuene skal etablerast minimum 1 meter over kainivået og det skal byggast gjerde rundt uteområda for å sikre eit naturleg skille mellom områda.
- Utviding av kaifronten for å legge til rette for meir fellesareal ved sjø. Utfylling av det grunne området mellom dagens kaiområder vil gjere kaifronten meir tilgjengeleg for ålmenta.
- Parkeringsplassen er utvida og all parkering er samla her.
- Tilkomstvegen til parkering og kaiområdet er flytta for enklare tilkomst til området.
- To nye bustadtomter er teke inn i planframlegget og tilkomst til nye bustader er noko justert.
- Tilkomst til eksisterande fritidsbustad på 10/60 vil vere i bakkant av rorbuer. Når det gjeld BUN3 er dette naustet tiltenkt 10/60 og naustet er difor plassert delvis inne på denne eigedomen. Det kan fram til slutthandsaming av planen vurderast om dette skal flyttast i eigedomsgrensa om plasseringa er for tett på eksisterande bygg på 10/60.
- Føresegnene er gjennomgått og det er teke inn justeringar og presiseringar knytt til endringane i planen. Vidare er det gjort ein gjennomgang av føresegnene der nokre føresegner er tekne ut eller skrivne noko om. Endringar i føresegnene er merka med raudt i vedlagte føresegner.
Kommunen vil spesielt be Fylkesmannen i Hordaland om å vurdere om det reviderte planframlegget er i samsvar med dialog undervegs og om det no ligge føre grunnlag for å trekke motsegna.
Det nye framlegget til reguleringsplan ligg ute til offentleg ettersyn frå 31.08.2018-28.09.2018 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på heimesidene til kommunen, under «Høyringar og kunngjeringar».
Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 28.09.2018 til:
Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller til postmottak@lindas.kommune.no.
Planmateriale:
Føresegner Sjurneset 31.08.2018.pdf