Høyring av søknad om utviding av akvakulturanlegg etter akvakulturlova, lokalitet Storskrebukti

Sjøtroll Havbruk AS søkjer om utviing av areal og biomasse og Ocean Forest AS søkjer om løyve til dyrking av blåskjel – begge sakane gjeld for stamfisklokaliteten 13566 Storskrebukti.

Sjøtroll Havbruk AS ønskjer å samle stamfiskproduksjonen  i Hindnesfjorden og søkjer derfor om auka areal og biomasse ved Storskrebukti. Det vert derfor ikkje auke MTB i området. I samråd med Sjøtroll Havbruk søkjer Ocean Forest og om løyve til dyrking av blåskjel for den omsøkte lokaliteten, med ein maksimal årleg produksjon av blåskjel på 150 tonn.

Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veke i ekspedisjonen i Lindås kommune, kommunehuset, frist for merknader er 24.juni. Eventuelle merknader vert å senda til Lindås kommune, Postmottak, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller via e-post til postmottak@lindås.kommune.no.

Web levert av CustomPublish