Høyring av søknad om utviding av akvakulturanlegg etter akvakulturlova, lokalitet Rekeviki

Blom Fiskeoppdrett AS søker om å få etablere eit nytt anlegg beståande av plastringar på lokaliteten Rekeviki i Lindås kommune. Det vert søkt om å få etablere eit anlegg beståande av 3 plastringar på lokaliteten.

Bakgrunnen for søknaden er at Blom Fiskeoppdrett ynskjer å etablere eit meir robust anlegg som vil tåle betre værbelastning, gje betre fiskevelferd, enklare avlusing av fisken og betre miljøforhold under anlegget. Det er tidlegare gitt dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen for å etablere slikt anlegg. Søknaden skal no handsamast etter akvakulturlova.

Søknaden med tilhøyrande dokument vert tilgjengeleg nedst i artikkelen og vert også lagt ut i kommuneekspedisjonen på rådhuset i Knarvik. Lindås kommune skal gi uttale til søknaden etter akvakulturlova og ynskjer innspel på søknaden.

Merknader til søknaden etter akvakulturlova må framsetjast skriftleg og må sendast innan 15.07.2015 til: Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller via epost til postmottak@lindas.kommune.no .

Web levert av CustomPublish