Eikebærånæ

Høyring av søknad om auka areal og biomasse på lokalitet Eikebærånæ i Lindås kommune

Eide Fjordbruk AS og EWOS Innovation AS søker om løyve til å utvide arealet og maksimalt tillaten biomasse (MTB) for oppdrett av laks og aure på lokalitet 13870 Eikebærånæ i Lindås kommune.

Det vert søkt om å skifte ut det eksisterande stålanlegget med eit nytt anlegg med 6 stk. plastringar i 90 x 90-meters rammer. Fôrflåten skal ligge på sørsida av anlegget. Anlegget vert liggjande innanfor areal avsett til akvakultur i kommuneplanen til Lindås kommune.

Lokaliteten er i dag godkjent for ein produksjon på 1560 tonn MTB, og selskapa søker om å auke denne til 3120 tonn. Bakgrunnen for søknaden er at Eide Fjordbruk vurderer Eikebærånæ som ein svært god lokalitet med gode produksjonsresultat gjennom mange år, med lite sjukdom, lavt lusenivå og gode resultat frå MOM B-undersøkingar både i 2013, 2015 og 2017.

 

Søknaden med tilhøyrande dokument vert tilgjengeleg i innsynsverktyet til kommunen som du finn her. Saka vert også lagt ut i kundesenteret på rådhuset i Knarvik. Lindås kommune skal gi uttale til søknaden etter plan- og bygningslova og merknader til søknaden vert oversendt til Hordaland fylkeskommune etter høyringsperioden. 

 

Merknader til søknaden etter akvakulturlova må framsetjast skriftleg og må sendast innan 19.10.2018 til:

Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller via epost til postmottak@lindas.kommune.no.

 

Web levert av CustomPublish