Høyring av planprogram og varsel om oppstart for detaljregulering Langøy-Ospeneset akvakulturområde

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 22.02.2017 vedtak om å godkjenne oppstart av reguleringsplanarbeid for Langøy-Ospeneset. Planprogram for utgreiingsarbeidet vart godkjent for å gå på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker. 

Planprogrammet legg føringar for kva som skal utgreiast i planarbeidet og tek opp viktige problemstillingar som skal drøftast. Planprogrammet inneheld også krav til konsekvensutgreiing i planarbeidet.

Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å regulere eksisterande akvakulturanlegg på Langøy og Ospeneset. Vidare er føremålet å utvide desse lokalitetane noko, medan ein regulerer vekk lokaliteten som er sett av til akvakulturføremål ved Ådnøy.

Plandokumenta ligg som vedlegg i denne saka og er også å finne på braPLAN: www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-ID 1263-201606, dokumenter.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til ABO plan og arkitektur v/ Turid Verdal, turid@abo-ark.no eller tlf 90522958. Eide Fjordbruk kan kontaktast v/ Andreas Moe Larsen, andreas.moe.larsen@efb.no eller tlf 97011827.

 

Høyringsperioden går frå 24. februar - 8. april 2017.

 

Merknader og synspunkt til oppstart og planprogram kan sendast til:

ABO Plan og Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord, eller via epost til turid@abo-ark.no eller ke@abo-ark.no.

Det er ikkje naudsynt å sende merknader og innspel til Lindås kommune då dette vil verte sendt over saman med planmaterialet som vert utarbeidd.

Web levert av CustomPublish