Høyring av framlegg til mindre endring av reguleringsplan for Eikanger næringsområde, plan-id 1263-201114

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vedtok plan- og miljøutvalet å sende framlegg til mindre endring av reguleringsplan for Eikanger næringsområde på høyring. 

Føremålet med endringa er å opne opp for at handel med arealkrevjande vareslag kan etablere seg i området, med bakgrunn mellom anna i at Knarvik områdeplan no er vedteken og avgrenser verksemdene sin moglegheit til å etablere seg og vidareutvikle seg i Knarvik sentrum. Det vil då vere behov for alternative plasseringar for desse i kommunen. I tillegg er det gjort presiseringar i føresegnene som skal sette tydelegare avgrensingar for kva type verksemder som kan etablere seg i området, og i kor stort omfang dei som driv med detaljhandel knytt til kjerneverksemda kan ha salsareal. Det er i tillegg sett nokre avgrensingar i parkering for verksemdene med det føremålet å motverke ei eventuell utvikling mot ein kjøpesenterstruktur.

Lindås kommune er interessert i tilbakemeldingar på dei ulike storleikane som er fastsett i føresegnene knytt til både bygg og parkering, og stiller gjerne på møte knytt til dette om behov.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen i Lindås rådhus frå 09.07.2016 til 27.08.2016. Plandokumenta vert også å finne på Braplan: www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-id 1263-201114, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til reguleringsendringa vert sendt innan 27.08.2016 til: Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish