Høgsesong for norovirus

Vinter er høgsesong for omgangssjuke som følgje av norovirus-infeksjon. Grundig handvask og god hygiene på kjøkenet er dei viktigaste mottiltaka.

I følgje Folkehelseinstituttet er Norovirus den vanlegaste årsaka til smittsam magetarmsjukdom. Minst 50 prosent av alle utbrot med magetarminfeksjon skuldast Norovirus. I Norge skjer utbrot oftast om vinteren, og rammar folk i alle aldrar.

Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg opplever mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine.

Sjukdomen er vanlegvis mild, og går over av seg sjølv etter 1–3 dagar hjå personar som elles er friske.

Vanlegvis kan ein venda tilbake til jobb, skule eller barnehage når ein kjenner seg frisk. Men sidan ein kan skilja ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.

  • Personar som skal handtera mat, bør ikkje venda tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.
  • Barn i barnehage bør på same måte ikkje sendast til barnehagen før det har gått 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

 

Råd for å førebyggja smitte med norovirus

Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er grundig handvask med såpe og rennande vatn, og god hygiene på kjøkenet. Alkoholbasert hand-desinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus.
 

Les meir informasjon frå Folkehelseinstituttet om norovirus her.

Web levert av CustomPublish