Hilde Hauge er nytilsett koordinator for folkehelse og samfunnsplanlegging.

Hilde Hauge er nytilsett koordinator for folkehelse og samfunnsplanlegging.

Ho skal bidra til å fremje folkehelsa i Lindås

– Korleis står det til med folkehelsa i Lindås kommune? Dette er hovudspørsmålet til den nye folkehelsekoordinatoren i Lindås kommune.

I sommar fekk Lindås kommune ein heilt ny ressurs på plass i 1. etasje på rådhuset.

Hilde Hauge kjem frå tverrfagleg poliklinikk for pasientar med nakke- og ryggplagar i Helse-Bergen. No går ho inn i stillinga som koordinator for folkehelse og samfunnsplanlegging i Lindås kommune.

Lindås og andre kommunar i landet har fått eit større ansvar for det lokale folkehelsearbeidet etter at den nye Folkehelselova kom i 2012. Målet er å dreie innsatsen frå behandling til meir førebygging og helsefremjing – samt arbeide for å fremje trivsel og god utvikling.

– Det meste av folkehelsa blir skapt der folk lever og bur, ikkje i helsesektoren. For å leggje til rette for god folkehelse, må vi tenkje helse i alt vi planlegg og gjer i kommunen. Mange avdelingar i kommunen jobbar allereie godt og målretta med folkehelse. Mitt ansvar er å bidra til å systematisere arbeidet, fremje samarbeid på tvers av fagområde og støtte avdelingane, seier Hilde.

Koplinga mellom folkehelse og samfunnsplanlegging er heilt bevisst. Den nye koordinatoren skal jobbe for heile kommunen – ikkje berre helsesektoren. Å leggje til rette for god folkehelse skal gå som ein raud tråd gjennom alle planar og aktivitetar i kommunen. Hilde vert sentral i alt frå samfunnsdelen til den nye kommuneplanen til trafikksikringsplanen.

Hilde er utdanna sjukepleiar. Dei siste åra har ho utvida horisonten, fleire gonger. Ho har mellom anna bygd på sjukepleiarutdanninga si med ein Master i Folkehelse.

– Eg er opptatt av det å ta ansvar for eiga helse. Livet handlar om mange val. Vala vi tar får konsekvensar, seier Hilde.

Kvardagen inneheld mange krav og plikter. Det er viktig å prioritere aktivitet som gir glede, påfyll av energi og overskot, meiner Hilde. Sjølv hentar ho energi på fjellet – gjerne på ski om vinteren. 

Web levert av CustomPublish