Hjelpetiltak for seksuelt misbruk, incest og overgrep

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Vi har avtale med krisesenteret i Bergen.
  • Bergen Legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsofre.

Krisesenteret i Bergen tilbyr mellom anna:

  • nokon å snakke med
  • informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi eller andre
  • ein trygg og mellombels bustad

Trykk her for å lese meir om krisesenter.

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon til ulike hjelparar

Krisesenteret i Bergen er døgnope
Telefon: 55 31 50 50
Adressa er hemmeleg. Det blir avtalt ein møtestad når du tar kontakt.

Bergen legevakt valdtektsmottaket er døgnope
Telefon: 55 56 87 60

Døgnopen telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande
Telefon: 800 57 000

SMISO Hordaland
Telefon: 55 90 49 90

Du kan også lese meir på dinutvei.no

Web levert av CustomPublish