Hjelpemiddel - hjelpemiddellageret

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Ønskjer du ei vurdering av behovet ditt for hjelpemiddel på kortidsutlån, ta kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut først.

Trykk her for å lese meir om ergoterapitilbodet vårt

Trykk her for å lese meir om fysioterapitilbodet vårt

Har du det vi kallar varig behov for hjelpemiddel, tar du også kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut  i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV.

Kva får du?
  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
    • toalettforhøyer
    • armlene til toalett
    • toalettstol
    • dusjkrakk
    • badekarbrett
    • hjartebrett
    • transportrullestol
    • gåbord
    • rullator
    • trillebord/serveringsbord
    • terskeleliminator
  • Enklare service/vedlikehald av hjelpemiddel
Krav til søkjar
  • Skal du låne hjelpemiddel i ein kortare periode, må du hente utstyret sjølv eller få hjelp av nokon du kjenner.
  • Dersom du ikkje kan hente eller returnere utstyret sjølv, ta kontakt med hjelpemiddellageret.
  • Du treng ikkje tilvising frå lege for å låne hjelpemiddel frå hjelpemiddellageret.
Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel.

Slik søkjer du

Ta kontakt med hjelpemiddeltekniker på hjelpemiddellageret eller med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen om du skal låne hjelpemiddel i ein kortare periode.

Opningstid

Hjelpemidellageret har betent opningstid kvar måndag frå klokka 08.30 til 11.30. Utover opningstida vil lageret vere betent etter avtale med hjelpemiddeltekniker.  

Kontakt oss

Postadresse

Hjelpemiddellageret Lindås kommune
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Besøksadresse

Hjelpemiddellageret
Kvassnesvegen 17
5914 Isdalstø

Nils Johan Hjelmtveit, hjelpemiddeltekniker
E-post: nils-johan.hjelmtveit@lindas.kommune.no
Telefon: 952 39 134

Rune Berland, hjelpemiddeltekniker
E-post: rune.berland@lindas.kommune.no
Telefon: 409 10 893

Petter Buvik, vikarierande avdelingsleiar
E-post: petter.buvik@lindas.kommune.no
Telefon: 56 37 50 78 eller 409 13 557

Web levert av CustomPublish