Bilete frå strandryddeaksjonen 2017.

Hjelp oss å halde Lindås reint!

Vi inviterer alle som bur i Lindås kommune vil vere med på strandryddeaksjonen 5. mai.

Lindås kommune er godt i gang med årets ryddeaksjon.

Båtlaga i kommunen er spydspissen i aksjonen, og det er særs gledeleg at andre lag og organisasjonar og einskildpersonar viser interesse og er med.

Slik går ryddinga føre seg

I hovudsak stiller båtlaga med båtar som fraktar folk og utstyr rundt i skjærgården. Vi prøver så langt råd er å ta vare på einskildpersonar som ønskjer å vere med ved å finne næraste båtlag. Og sjølvsagt set vi pris på all plast som blir samla inn – uavhengig av båttransport.

Lindås kommune ved Frivilligsentralen og Renovasjonsselskapet NGIR legg tilrette for at utstyr og informasjon kjem ut til dei som ønskjer å vere med. Kommunen har ein langstrakt kyst og for å få oversikt over kva for område som blir rydda, må du (laget ditt) registrere deg på heimesida til NGIR (www.ngir.no). Der finn du framgangsmåte og god informasjon.

Når du er registrert

Frivilligsentralen har allereie pakka og levert ut mykje utstyr. Ønskjer du å vere med så skal vi etter beste evne tar kontakt, og vi lager ein avtale for levering/henting av utstyr.

Ønskjer du meir informasjon om aksjonen? Ta kontakt med:
Web levert av CustomPublish