Sanitetskvinnene var sterkt representert då prosjektet vart offisielt igangsett! Frå venste Laila Rosnes, Heidi Tykhelle, ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Aashild Halland.

Sanitetskvinnene var sterkt representert då prosjektet vart offisielt igangsett! Frå venste Laila Rosnes, Heidi Tykhelle, ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Aashild Halland.

Her skal dei eldre få gode opplevingar

Til hausten tar kommunen det første spadetaket i ein sansehage for dei eldre på Lindås bu- og servicesenter. Sansehagen hadde ikkje blitt til utan engasjementet og den store pengegåva frå Saniteten i Lindås.

– Sanitetskvinnene i Lindås må vere heilt unike i Noregs land. Dei har guts og engasjement, og har stått på for mangt eit prosjekt. Sist finansierte dei klatreveggen i Lindåshallen. No bidrar dei til bygging av ny sansehage på Lindås bu- og servicesenter. Eg er heilt imponert, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Lindåsordføraren, avdelingsleiar Kristin Fjeld Arvidsson, eigedomssjef Therese Urdahl Braseth, leiar for levekårsutvalet Jostein Hellestveit og ei røys med sanitetskvinner (og ein mann) var samla til offisiell igangsetjing av arbeidet med sansehage på Lindås bu- og servicesenter denne veka.

Lett å si «JA»

Prosjektet vert realisert etter eit spleiselag mellom Lindås kommune og Saniteten. Prislappen for prosjektet er 750.000 kroner. Av dette bidrar Saniteten med ein tredjedel.

– Tenk det! 250.000 kroner i gåve frå Saniteten. Det er ikkje lite, seier ordføraren og fortel at det var lett å sjå potensialet då sanitetskvinnene lufta ideen for kommunen i 2013.

– Når dei som foreining går foran og ønskjer å bidra med både ressursar og midlar, var det lett å kome i mål, seier ordføraren.

Ho meiner at prosjektet er eit godt eksempel på kva som er mogleg når frivillige bidrar og ønskjer å skape noko for bygda si.

Ein hage for fleire

I dag er Lindås bu- og servicesenter heim for 25 eldre. I tillegg er senteret ein møtestad for andre eldre og pårørande som kjem på besøk til sine kjente og kjære.

Sansehagen kjem i flukt med demensavdelinga til senteret, men vert også tilgjengeleg for dei andre bebuarane og besøkande. Hagen skal ha universell utforming, og vere ein stad for sanseinntrykk og opplevingar.

Kommunen tar det første spadetaket til hagen i haust, og gler seg til å ta han i bruk når varmegradene kjem med våren og sommaren i 2016. Prosjektet vert den første arbeidsoppgåva til ein nytilsett landskapsarkitekt på eigedomsavdelinga i kommunen.

Eigedomssjef Therese Urdahl Braseth vil i tillegg gi ein lærling ansvaret for eit større staudebed, som buktar seg i sentrum av hagen.

Godt folkehelseprosjekt

Sansehagen på Lindås vert den andre i kommunen. Eldre på Såta bu- og servicesenter i Knarvik har også ein sansehage, som har betydd mykje for trivnaden og utviklinga til dei som bur der.

Forsking visar at ein sansehage er meir enn ein fin stad å vere. Gjennom bevisst bruk av planter med farger og lukter og ulike typar materialval, kan sansehagen spele ein positiv, terapeutisk rolle i kvardagen til dei eldre.

– Vi veit kor viktig det er å jobbe med førebygging og folkehelse. Dette er eit godt tilskot til den delen av arbeidet på bu- og servicesenteret. Takk til sanitetskvinnene, seier ordførar Aarhus Byrknes.

 

 

HER BLIR DET SANSEHAGE! Hagen på Lindås bu- og servicesenter vert til etter ei raus gåve frå Saniteten i Lindås på...

Posted by Lindås kommune on 25. juni 2015
Web levert av CustomPublish