Renate Fredheim og sonen henta sin pose med Nemaslug i gymsalen på Alversund skule.

Renate Fredheim og sonen henta sin pose med Nemaslug i gymsalen på Alversund skule.

Hent din pose Nemaslug på rådhuset!

Vi har restutdeling av Nemaslug på rådhuset i dag, fredag 29. april, og heile neste veke! Du kan hente din pose i opningstida til ekspedisjonen frå 08.00 til 15.30.

Det var god stemning og mykje sneglehumor under utdelinga i Alversund i dag. Renate Fredheim og sonen var to av mange som var innom for å hente sin pose med Nemalug.

Renate vart intervjua av BT før utdelinga, og er svært nøgd med at Lindås kommune følgjer opp aksjonen frå i fjor. Ho plukka ein stad mellom 600 og 1000 sneglar kvar dag på det verste i fjor sommar. Etter aksjonen i august hadde ho vanskar med å finne ein einaste snegl.

Det er fleire måtar å bruke middelet på. Du kan anten klyppe sneglane i to og marinere dei i ein Nemalug-blanding før du legg dei ut. Det er også mogleg å lokke sniglane til eit fat med frukt og Nemaslug eller vørterøl og Nemaslug.

Har ikkje brunsnigelen funne vegen til hagen din enno, kan du legge posen med Nemaslug i kjøleskapet og vente ei veke eller to.

Oppskrift og framgangsmåte finn du på oppskriftsarket du fekk med posen.

Trykk her for å laste ned oppskrifta

Vi har fleire posar att etter utdelinga, og håpar at dei som ikkje fann vegen til eit av dei fire utdelingslokala i dag - kjem og hentar sin dose på rådhuset i Knarvik i perioden fredag 29. april til fredag 6. mai. Rådhuset er ope mellom klokka 08.00 og 15.30 på kvardagar . 

Vi vurderer å dele ut resten av restlageret på ein ny dag. Tid og stad for denne utdelinga, kjem vi tilbake til tidleg i neste veke.

Treng du hjelp til å hente?

Fyll ut og signer løyveskjemaet under, og allier deg med ein nabo eller kjenning.

Trykk her for å laste ned skjemaet som gjer at naboen kan hente for deg

 

Web levert av CustomPublish