Helsetrim

Fysisk aktivitet kan førebyggje sjukdomar og at ein kan vere sjølvhjelpen lengst mogleg. Muskelstyrken vert gradvis redusert med alderen, men det skal ikkje så mykje fysisk aktivitet til for å oppretthalde eit bra funksjonsnivå. Dette er eit lågterskel tilbod og alle gjer det ein klarer. Vi sit på stolar for det meste og reiser oss opp for å ta balansetrening.

Kva får du?
  • Gruppetrening med aktivitør éin time for veka.
  • Trening i eit sosialt fellesskap.
Krav til deltakarane
  • Du må vere fylt 55 år.
  • Du må kunne komme deg til og frå treningslokala på eiga hand.
Slik søkjer du

Det er ingen søknad til helsetrim.

Kva kostar det?

Helsetrim er gratis.

Kvar er det?

Seniorsenteret i Knarvik (Knarvik sjukeheim).

Når er det?

Kvar måndag kl. 12.00 – 13.00.

Web levert av CustomPublish