Heimevernet øvar i regionen

Bergenhus Heimeverndistrikt, HV-09, planlegg ei større øving i området frå Knarvik til Mongstad i tidsrommet 10.-16. mars.

Øvinga har fått namnet Mini-Bjørgvin i tidsrommet, og inneber aktivitet både på land og vatn.

Mindre og større grupper med militært personell og militære køyretøy vil vere i aktivitet heile døgeret. Det vil òg vere militær aktivitet på sjøen i Nordhordland i og ved dei aktuelle kommunane. Eldmarkeringar og lausammunisjon vil bli brukt.

Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 ber trafikantar om å vise omsyn. Spesielt ved køyring langs RV 57 og RV 565.

Kontakttelefon  ved HV-09 i samband med eventuelle hendingar er: 5554 6300/6335

Web levert av CustomPublish