Medlemmene i det nye foreldreutvalet, Kommunalt foreldreutval (KFU).

6 av dei 9 nyvalte medlemane i Lindås KFU. Frå venstre: Kristin Tredal, Benedicte R. Rikstad, Anna Nordlund, Eilen Korneliussen, Ingrid Hindenes og Arne Ramslien.

Heilt nytt foreldreutval på plass

Lindås kommunale foreldreråd (KFU) skal samordne og koordinere dei lokale foreldreråda ved alle barnehagane og grunnskulane i Lindås kommune, og har mellom anna som formål å fremje samarbeid, drive informasjonsarbeid og leggje til rette for eit større foreldreengasjement.

Måndag 25. september 2017 var det valmøte og konstituerande møte for Lindås kommunale Foreldreutval, KFU i Nordhordlandshallen.

Valmøtet handsama vedtektene og gjennomførte val.

Lindås KFU skal vere eit samordnande og koordinerande organ for foreldreråda ved alle barnehagane og grunnskulane i kommunen og ha som formål

  • å arbeide for å fremje eit godt samarbeid mellom foreldra, barnehagen/skulen, administrasjonen og politiske vedtaksorgan i kommunen
  • vere eit høyringsorgan og eit rådgivande organ på vegner av foreldra ved alle barnehagane/grunnskulane i kommunen
  • drive informasjonsarbeid og idéskaping og hjelpe til med erfaringsutveksling og foreldresamarbeid mellom dei ulike barnehagane/grunnskulane i kommunen
  • leggje til rette for større foreldreengasjement for gode oppvekst- og læringsmiljø for alle barn og unge i Lindås kommune

KFU skal konsentrere verksemda si om større saker der det er naturleg eller ønskjeleg å stå fram samla på vegner av barnehagane/skulane/FAU. Utvalet avgjer sjølv kva saker det gjeld, etter eigne framlegg, framlegg frå dei ulike FAU eller framlegg frå skuleadministrasjonen. Sakene bør gjelde alle skulane og/eller barnehagane i kommunen eller grupper av dei, men i spesielle tilfelle kan ein òg behandle enkeltsaker som gjeld berre éin skule, men som har allmenn interesse.

Til Lindås KFU vart følgjande representantar valt:

Ostereidet ungdomsskulekrins med barnehagar og barneskular Knarvik ungdomsskulekrins med barnehagar og barneskular Lindås ungdomsskulekrins med barnehagar og barneskular

Stein Juan Carlos L Fyllingsnes

Representant for ungdomsskule (2 år)

Arne Ramslien

Representant for ungdomsskule (1 år)

Tore Gjerstad

Representant for ungdomsskule (2 år)

Ingrid Hindenes

Representant for barneskule (1 år)

Benedicte R. Rikstad

Representant for barneskule (2 år)

Isabell Antonissen Hansen

Representant for barneskule (1 år)

   

Kristin Tredal

Representant for privat skule (2 år)

Ingen nominerte

Representant for privat barnehage (2 år)

Ingen nominerte

Representant for privat barnehage (1 år)

Eilen Korneliussen

Representant for kommunal barnehage (1 år)

 

Anna Nordlund

Representant for kommunal barnehage (2 år)

 


Etter valmøtet var det konstituerande møte. Benedicte R. Rikstad vart valt som leiar og Ingrid Hindenes vart valt som nestleiar. Rådgjevar Dina Dyrhovden vart valt som skrivar.Det var ikkje nominerte kandidatar frå dei private barnehagane i Ostereidet og Knarvik krins. Utvalet har då 9 medlemar til neste val vert gjort.

Web levert av CustomPublish