Haustrydding 20. september

No er det tid for å rydde på loftet, i kjellaren, hagen og garasjen! NGIR inviterer til den årlege haustryddinga - og kjem snart til ein stad nær deg.

Ordninga er for private hushald, ikkje næringskundar, og gjeld for dei som bur langt i frå gjenvinningsstasjonane til NGIR.

Turneen startar i Modalen fredag 19. september. Allereie dagen etter står Lindås og Masfjorden for tur. Ruta i Lindås og Masfjorden går innom husstandar langs desse strekka:

  • Lindås aust for Eikefettunellen, samt frå undergang ved E39 på Ostereidet og til Nesbø. Andvik-Andås.

Slik går du fram: Sorter avfallet og set det ut før klokka 07.00 der du vanlegvis set ut dunkane dine. Fjern ting som ligg lagra i nærleiken som ikkje skal hivast. Legg ulikt avfall kvar for seg og på fast underlag. NB! Kvitevarer må ikkje innehalda boss.

Les lista under, for å sjå kva du kan levere - og kva du ikkje kan levere denne dagen. Det vert køyrd eigen rute for oppsamling av trykkimpregnert treverk, isolerglasruter og eternitt nokre dagar før den ordinære rydderuta. 

Dette kan du levera på rydderutene:

  • Metall
  • Reint trevirke
  • Restavfall
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall


Dette kan du ikkje levera:

Web levert av CustomPublish