Målet med rein hand-prosjektet er å lære barna handhygiene - og senke sjukefråveret

Målet med rein hand-prosjektet er å lære barna handhygiene - og senke sjukefråveret

Haugen barnehage vann 1. premien!

Haugen barnehage er ein av tre heldige vinnarar, som får pengepremiar for deltaking i årets rein hand-prosjekt. Les meir for å sjå kven dei andre to er.

I september 2014 starta Lindås kommune opp att med prosjektet "rein hand". Prosjektet går ut på å lære barna handhygiene og vaskereglar.

Vi håpar at vi kan gjenta prosjektet neste år, og at fleire barnehagar vert med. God handhygiene er viktig heile året.

Vi har no trekt ut dei heldige vinnarane av tre pengepremiar, for deltaking i prosjektet. Premiane gjekk til følgjande barnehagar:

  • 1. premie kr. 1000,- : Haugen barnehage
  • 2. premie kr.   500,- : Knarvik barnehage
  • 3. premie kr.   500,- : Solhaugen barnehage

Vi gratulerer så mykje!

Pengane vert sett inn på barnehagens konto.

Fylgjande barnehagar er med på prosjektet, og sertifisert som Rein hand-barnehage:

  • Alversund Montessoribarnehage
  • Haugen barnehage
  • Hundvin Naturbarnehage
  • Juvikstølen barnehage
  • Knarvik barnehage
  • Ostereidet FUS barnehage
  • Solhaugen barnehage
  • Trollskogen barnehage

Vi takkar for deltaking, og håpar fleire barnehagar vert med på prosjektet neste gong.

Meir om prosjektet - les artikkelen der barnehagane vart invitert til å delta.

Web levert av CustomPublish