Har du lyst til å vere meddommar?

Er du mellom 21 og 70 år, har røysterett og er registrert i folkeregisteret? Meld deg som kandidat til å verte meddommar for perioden 2017 til 2020.

Kommunestyret i Lindås skal no oppnemna meddommarar til Nordhordland tingrett, Gulating lagmannsrett og Nord- og Midthordland jordskifterett for perioden 1. januar 2017 – 31. desember 2020.

Kva er ein meddommar?

Meddommar er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å avgjera rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å verta innkalla to gonger i året. Dei fleste rettssakene varer frå ein til tre dagar.

Trykk her for å lese meir om det å vere meddommar.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Du får vanlegvis fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Har du tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap.

Krav til deg

Domstollova stiller visse krav til kven som kan veljast til meddommar. Med ”personlig egnet til oppgaven” meiner ein at vedkomande må kunna følgja forhandlingane i retten, forstå dei problemstillingane saka reiser, ta stilling til problemstillingane og gje uttrykk for meininga si.

Du må vera min.21 år og max 70 år 01.01.2016, du må ha røysterett og vera folkeregisteret i Lindås kommune. Det er eit vilkår at du har tilstrekkelege norskkunnskapar. Kommunen må også ta omsyn til etnisk bakgrunn og kultur, og sørgja for at samansetjinga av utvala så langt mogeleg representerer eit gjennomsnitt av innbyggjarane.

Slik går du fram

Ta kontakt med kommunen innan 18. april 2016:

Your browser does not support iframe. <a data-cke-saved-href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/8ff1d3c1-bbba-40a8-83d6-d8d10027aa27" href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/8ff1d3c1-bbba-40a8-83d6-d8d10027aa27" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>
Web levert av CustomPublish