Har du innspel til nytt kommunevåpen?

No kan du komme med innspel til korleis Alver kommune sitt kommunevåpen skal sjå ut.

Kva tenkjer du på når du høyrer Alver kommune? Kva står me for og kva er me stolte av? Motivet må vere lett å kjenne att og representere den nye kommunen på ein god måte.

Frist for å komme med innspel

Siste frist for å komme med innspel er søndag 15. april 2018.

Retningslinjer for innspel

Dette er ingen konkurranse. Målet er å få så mange og gode innspel at me kan hente ut nokre hovudtrekk som me kan ta med oss vidare.

Me ønskjer ei skisse og ein kort forklarande tekst, eller om du berre vil sende inn ein tekst med temaforslag for kommunevåpenet, er det sjølvsagt også greitt.

Det nye kommunevåpenet skal ikkje ha element frå dagens kommunar sine våpen.

Her kan du registrere forslaget ditt

Merk sendinga med «kommunevåpen».

Hovudreglar (Kjelde: Arkivverket)
  • Et våpen skal inneholde ett metall og én farge:  sølv eller gull + rødt, blått, grønt eller svart.
  • Våpenet skal inneholde bare ett motiv, men samme motiv kan gjentas flere ganger.
  • Motiv skal fremstilles generelt, uten individuelle trekk.
  • Motivet skal fremstilles i flatestil, det vil si todimensjonalt, uten bruk av skyggelegging og perspektiv.
  • Motivet skal være så enkelt at det er lett kjennelig også i liten størrelse eller på lang avstand.
  • Motivet skal fylle skjoldflaten godt.
Web levert av CustomPublish