Har du innspel til ny plan om helse, sosial og omsorg?

Kommunedelplanen for helse, sosial og omsorg gjeld for perioden 2017 til 2027. Har du innspel? Kom med dei innan 3. januar 2018.

Levekårsutvalet til Lindås kommune har sendt kommunedelplanen for helse, sosial og omsorg på høyring frå 22. november 2017 til 3. januar 2018. 

Her kan du lese planen

Trykk her for å laste ned og lese i høyringsutkastet til kommunedelplanen for helse, sosial og omsorg 2017-2027.

Du kan låne ein kopi av planen i kundesenteret på rådhuset, om du ønskjer å lese han på papir i staden for skjerm.

Slik kjem du med innspel

  1. Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu
  3. Fyll ut skjemaet og trykk på send

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk e-posten eller brevet ditt med "kommunedelplan for helse, sosial og omsorg".

Høyringsfristen er måndag 3. januar 2018.

Web levert av CustomPublish