Eikanger Bjørsvik Musikklag

Eikanger Bjørsvik Musikklag Picasa

Har du innspel til kulturplanen?

Ta pennen fatt! Lindås kommune skal rullere kulturplanen sin, og ønskjer no innspel og kommentarar frå deg.

I kommunen sin kulturplan for 2010 til 2020, står det at planen bør rullerast kvart fjerde år. Planen skildrar meir enn 100 tiltak. Fleire av desse er gjennomført, og kan løftast ut av planen. Noko av informasjonen i planen må oppdaterst. I tillegg har det kome nye behov, som krev nye tiltak.

Rulleringa var sak i levekårsutvalet sitt møte 13. mai 2014. Utvalet la planen ut på høyring for perioden 14. mai til 25. juni. Høyringa er ei invitasjon til alle med meiningar om kulturlivet i Lindås kommunen.

– Eg håpar vi får mange innspel med god breidde, seier kultursjef Øyvind Stang.

Planen har vore og er eit viktig styringsverktøy for kulturarbeidet i kommunen. Kultursjefen håpar innbyggarar og aktørar brukar tida godt, og frir særleg til dei frivillige laga og organisasjonane i Lindås kommune – som på mange måtar er berebjelken i eit kulturliv kommunen er svært stolt av.

– Ordføraren kallar dei frivillige laga og organisasjonane for gullet vårt. Det gjer eg også! Dei er ei sentral brikke i dette biletet, seier Stang.

Etter høyringsrunden, skal ei arbeidsgruppe med kultursjef og tre representantar frå levekårsutvalet gå gjennom alle høyringsinnspela – og levere eit forslag til revidert kulturplan for levekårsutvalet sitt møte etter sommarferien, 30. september.

Trykk her for å lese gjelande kulturplan.

Send høyringsinnspel til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller postmottak@lindas.kommune.no innan 25. juni 2014. Merk innspela med «Kulturplan».

Web levert av CustomPublish