Har du innspel til alkoholpolitisk plan?

Formannskapet har lagt ei revidert utgåve av alkoholpolitisk plan for 2016-2020 ut på høyring. Har du innspel? Kom med dei innan 23. oktober 2017.

31. august 2017 vedtok formannskapet i Lindås kommune å sende framlegg til revidert alkoholpolitisk plan 2016-2020  ut på høyring.

Framlegget til revidert alkoholpolitisk plan 2016 – 2020 ligg til offentleg ettersyn i tida 11.09.2017 – 23.10.2017 på rådhuset i Knarvik og her på heimesida vår.

Her kan du lese planen

Trykk her for å laste ned og lese i høyringsutkastet til alkoholpolitisk plan for 2016-2020.

Du kan låne ein kopi av planen i kundesenteret på rådhuset, om du ønskjer å lese han på papir i staden for skjerm.

Slik kjem du med innspel

  1. Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu
  3. Fyll ut skjemaet og trykk på send

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk e-posten eller brevet ditt med "alkoholpolitisk plan".

Høyringsfristen er måndag 23. oktober 2017.

Web levert av CustomPublish