Her finn du informasjon om stafettloggen.

Handlingsrettleiar for stafettloggen

Som eit ledd i arbeidet med betre tverrfagleg samarbeid har vi innført «Stafettloggen» for å betre samarbeid, dokumentasjon og gode overgangar.

Kva er ein stafettlogg?

  • Ein Stafettlogg er ein elektronisk loggbok over tiltak og involverte personar

  • I stafettloggen er alle i gang sette tiltak med vurderingar for kvart barn samla

  • I Stafettloggen blir dei avtaler som er inngått beskrive.

  • Stafettloggen gir ein oversikt over kva tenester og kva fagpersonar som er involvert og kva oppgåver dei har

  • Stafettloggen kan vere med på å sikre gode overgangar barnet.

  • Stafetthaldaren er den personen som har ansvar for å knyte innsatsen til ein heilskapleg og koordinert oppfølging av barnet, ungdomen og/eller familien. Stafetthaldar sitt ansvar og oppgåver er å koordinere innsatsen, kalle inn til tverrfaglege møte, foreslå dagsorden, kalle inn til ad hoc-møte ved behov, leie møta, introdusere nye partar, gi melding til dei som ikkje skal møte eller følgje opp, avslutta arbeidet, involvere brukarar, vere kontaktperson og loggførar.

.For  å hjelpe i bruken av stafettloggen er det utarbeidd ein handlingsrettleiar. Den finn du HER