Ein god gjeng møtte på samling om vedlikehald av grendahus.

Ein god gjeng møtte på samling om vedlikehald av grendahus.

Grendahusa i Lindås treng folk

...og aktivitet og vedlikehald!

Sjosia grendahus er eit velstelt og veldrivent forsamlingslokale i utkanten av Knarvik. Nyleg vart lokalet plukka ut til å huse folk, som har ein litt større interesse i grendahus enn folk flest.

Deltakarane kom frå grender og lag i Lindås som sjølv eig eit forsamlingslokale. Og takka vere desse eigarane/eldsjelane har grendane våre lokalar kor det gode liv skavert skapt for oss alle.

Men lokala treng folk, aktivitet – og ikkje minst, eit kostbart vedlikehald.

Frivilligsentralen i Lindås har eit samarbeid med «Folk i huset». «Folk i Huset» er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Hordaland Ungdomslag og Hordaland musikkråd, der Hordaland Fylkesbibliotek óg er inne som samarbeidspartnar. Målsetjinga er å skapa eit rikare og meir mangfaldig kulturliv i dei mange lokalsamfunna i Hordaland fylke gjennom å registrera, løfta fram og styrka organisasjonseigde hus, og fylla dei med kultur.

Folkeakademiet Hordaland har som hovudmål å arbeida med å gjera kultur tilgjengeleg for folk flest samstundes som nye kulturfrø, som gjev inspirasjon til eigen aktivitet i distriktet, vert planta. Gjennom god oversikt over det frivillige organisasjonslivet, nær kontakt med dei lokale biblioteka og kommunane i fylket, er Folkeakademiet Hordaland i ein fin posisjon til å legga til rette for samarbeid og skape meir kultur der folk bor. Dei lokale aktivitetane i distriktet er viktige byggesteinar for det mangfaldige kulturlivet i Hordaland.

Hordaland Musikkråd arbeider for å få kompetanse om akustikk og ikkje minst dra nytte av kursopplegget ”Arrangørskolen”, utvikla av Hordaland Musikkråd. Hordaland musikkråd er ein paraplyorganisasjon for amatørmusikklivet i Hordaland. Me jobbar mellom anna med å setja fokus på akustikk. Det er viktig at det er gode akustiske forhold både i øvings- og framføringslokalar. Me målar difor akustikken og utarbeidar ein rapport som gjer greie for kva type lyd rommet egnar seg for. I tillegg er me opptekne av å styrka arrangørkompetansen der ute. Dei fleste lag og foreiningar arrangerar konserter, samlingar og framsyningar av ulike slag og opptrer då som arrangørar. Kva må ein tenkja på for å vera ein god arrangør?

Vi som var tilstades på grendahusmøtet fekk vete at «Huset i Bygda» er eit prosjekt som vert drifta av Noregs Ungdomslag og Hordaland Ungdomslag. Bakgrunnen for prosjektet er at det finst mange kulturhus i Hordaland som er drive på frivillig basis. Dette gjeld til dømes ungdomshus, samfunnshus, grendahus, skyttarlagshus, bedehus og liknande. Per i dag finst det ingen totaloversikt over kor mange hus det er snakk om. Felles for husa er at dei vert drifta på dugnad og har svak økonomi. Prosjektet vil kartlegga organisasjonseigde kulturhus i Hordaland, og samtidig hjelpa og støtta eldsjelene som driv desse.

Om det er nokre eigarar/styrarar av grendahus, lagshus, forsamlingslokale i Lindås som ønskjer informasjon om det som blei tatt opp på kveldsmøtet i Sjosia, så kan de ta kontakt med Frivilligsentralen i Lindås.

Dagleg leiar
Per Ole Ekker
Mobil: 99554540
E-post: per-ole.ekker@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish