Godkjenning for tunnel-plan i Knarvik

Kommunestyret har godkjent planen for tunnel mellom Knarvik og Isdalstø.


I samsvar med §12-12 i plan- og bygningslova vert det informert om at kommunestyret i møte den 19.12.2013 (sak 106/13) eigengodkjende områdeplanen for tunnel på fv 57 mellom Knarvik og Isdalstø.

 

Planen legg i til rette for etablering av fire felts veg i to tunnelløp mellom Knarvik og Isdalstø. I tillegg vert det lagt til rette for fire felts E39, og det vert sikra areal for ei ny fire felts bru over Hagelsundet. Områdeplanen legg og til rette for ny skyss stasjon i Knarvik. Det nye veganlegget er planlagt i to byggetrinn. Byggetrinn 1 omfattar i hovudsak veg og tunnel mellom Knarvik og Isdalstø.

 

Planen får verknader for eigedomar, både private og offentlege, då den føreset riving av bygg. Tunnelen kan og kome i konflikt med etablerte energibrønnar.

 

Områdeplanen består av 7 plankart i 3 ulike nivå, planomtale og føresegner. I tillegg er det utarbeidd rapportar og tekniske teikningar.

 

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen på rådhuset i Knarvik frå 5. februar til 26. februar 2014. Planen vil også verte å finne på braPLAN. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201201, dokumenter.

 

Om klage og verknad av plan

 

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

 

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, elektronisk via kommunens heimesider under ”høyringar” eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 26.02.2014.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

 

Følg linkane under for å lesa meir om planen og sjå plankarta:

 

Brev om eigengodkjenning

Kommunestyrevedtak - sak 106-13.pdf

Plankart 1 Plankart.pdf

Plankart 2 Plankart.pdf

Plankart 3 plankart.pdf

Bru Plankart.pdf

Tunnel 1 plankart.pdf

Tunnel 2 plankart.pdf

Tunnel 3 plankart.pdf

Vedteken planomtale 19.12.2013 ( versjon 21.05.2013).pdf

Vedtekne føresegner KO 19.12.2013.pdf

 

 

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish