Stemninga var god og livleg på hagefesten 9. juni.

Stemninga var god og livleg på hagefesten 9. juni.

Fullt av liv i nye Ostertunet

Då nye Ostertunet opna, starta ein gjeng med tilsette eit prosjekt for å bli ein møtestad - ikkje berre for brukarar og pårørande, men alle i bygda. Gjengen kalla seg "Levande Hus".

Hausten 2015 opna nye Ostertunet. Samstundes starta eit arbeid for å få liv i husa - og knyte band til bygda. Gjengen bak kalla seg for "Levande Hus", og var ei samling entusiastiske og framtidsretta tilsette frå fleire yrkesgrupper i heimetenesta. Avdelingsleiar Merete Evjen Møster slutta seg også til gjengen.

Omsorgsbustadande på det nye Ostertunet har bemanning heile døgnet. Dei som bur i leilegheitene har store skilnader i funksjonsnivå. Filosofien bak Levande Hus-prosjektet er å gjere Ostertunet til ein samlingsstad for bygda - og leggje til rette for sosiale aktivitetar både for brukarar og pårørande. 

Tanken bak Levande Hus-prosjektet var å dra i gong arbeidet, og gi stafettpinna vidare til pårørande, brukarar og frivillige. Dette er allereie i ferd med å skje! Dei tilsette som er med i Levande Hus-prosjektet er imponerte og stolte over engasjementet dei har møtt. Hagefesten på Ostertunet tidlegare denne månaden er eit eksempel på noko dei pårørande har stått for.

Andre eksempel på aktivitet som skapar liv og trivnad for dei som bur på Ostertunet:

  • Song, baking og maling med barn frå barnehagen
  • Trim med ein ergoterapeut
  • Besøk av presten
  • Helserom, der det mellom anna kjem ein frisør 1-2 gonger i månaden 
  • Kaffikos på laurdagar kl 16.00
  • Turvenn-prosjekt med elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande
  • Besøk frå enkeltpersonar og grupper i bygda

Mykje av det som skjer på Ostertunet hadde aldri skjedd utan innsatsen til frivillige og pårørande. Levande Hus-gjengen ønskjer difor å rette ein stor takk til alle som bidrar, for å gjere kvardagen lysare og meir aktiv for dei som bur i leilegheitene på Ostertunet.

Web levert av CustomPublish