Fritidskalenderen

Ønskjer du å delta i ulike aktivitetar saman med andre? Fritidskalenderen er eit lågterskeltiltak i avdelinga for psykisk helse og rus, der vi har fokus på å gjere kjekke ting ilag med andre.

Mottoet til fritidskalenderen er: «Det er godt å vera saman med andre».

Kva får du?

Tilbodet skjer på ettermiddagstid og i helger, og vert leia av fritidsleiar. Programmet for  Fritidskalenderen kjem ut annankvar månad og inneheld varierte aktivitetar. Aktivitetane varierer ut frå årstid og kva tilbod som til ei kvar tid er i regionen vår.

Eksempel på aktivitetar er musikkgruppe, filmkveld, kino, teater, trening, aktivitet og turar i nærområdet, utstillingar, konsertar.

Krav til søkjar

Dette er eit fritidstilbod til ei gruppe. Som deltakar ventar vi at du er med og tar ansvar for gode opplevingar for heile gruppa.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men du må sjølv betale for eventuelle måltid, billett- og inngangspengar og transport.

Slik søkjer du

Fritidskalenderen er eit lågterskeltiltak. Det betyr at du ikkje treng å søkje om lov til å delta.

Vi har plass til fleire! Dersom du har lyst til å vere med, kan du ta kontakt med fritidsleiar for ein uformell samtale om dette er eit tilbod som passar for deg.

Kontakt oss

Jürgen Steinhoff, fritidsleiar
Mobil: 976 74 501

Grethe Korsøen, avdelingsleiar
E-post: grethe.korsoen@lindas.kommune.no
Telefon: 56 37 55 13

Web levert av CustomPublish